Mykje informasjon

Share

Etter å ha hatt sendinga i Valle Radio i kveld, slo det meg at vi i løpet av dei to timane eg var på lufta, fekk ganske mykje informasjon, for ikkje å seie svært mykje informasjon.

Det starta med Kommunen informerer, der Solveig Kyrvestad, som er leiar for helse og omsorg i Valle kommune, fortalde. Ikkje bare fekk vi vite om fagdagar dei har hatt i etaten, vi fekk også vite at ho hadde gått Vasaloppet i helga saman med tre andre frå Valle, broren Kristian Magnus, som bur i Balestrand, Knut Flateland og Knut Erik Paulsen og at den første timen må dei som er bak i køen stå og trippe med så små steg som mogleg på skia.

Så kom Torunn Charlotte Nyberg og fortalde om UKM som skal vere på Hovden til helga. Der fekk vi alle namna på dei som skal vere med frå Valle på denne mønstringa, som først har generalprøve og sidan framføring og at det er open dag på grendehuset og at folk kan kome dit tidleg og vere der i god tid før det tek til. Vi fekk også vite at 1. april er fristen for å søke kulturmidlar, og det er ikkje meir tid enn ein må ha om ein skal rekke å ha årsmøte og få gjort alt som skal fylgje ein slik søknad.

Så fekk vi sanneleg også vite kvifor Sesilåmi vart avlyst og at Ørjan Ravndal ikkje var enig med dei som gjorde det, han meinte at ein dag i ei løype ikkje ville uroe reinen så mykje som meir fri bruk av heia av ein og ein person.

Deretter fekk vi vite mykje om planane Bjørn Erling Auestad har for Bergtun og Valle Handel, som han både har kjøpt og når det gjeld Valle Handel også pussa opp utvendig slik at bygget på 1000 kvadratmeter framståri flott stand. Men også at det er vanskeleg å få den første leigetakaren. Vi fekk også vite at Bergtun skal drivast som ei avdeling under Bykle Hotell og at Bykle Hotell har hatt eit par gode år som har gitt grunnlag for investeringar.

Endeleg kunne vi få med oss noko om bakgrunnen for at Valle Radio ikkje gjekk vidare med Radio Evje og ei økonomsik satsing der. Men då var tida ute, dei som vil vite meir, må kome på Sæbyggjen i morgon klokka 18, for då er det informasjonsmøte der ein skal snakke om både dette og om påskesendingane som står for døra.

Jo, det var verkeleg mykje informasjon på to timar. Jørund Georg Jore, som var teknikar i kveld, tok bildet av meg som var i «studio i Mandal»:

Bildet kan inneholde: 1 person, skjerm og innendørs