Uoppmerksam

Share

ImF-Gjenbruk

I dag var eg litt uoppmerksam. I det fine veret tenkte eg at eg skulle ta ein tur til Vigeland og låne den siste boka av Jan Guillou, Den andre dødssynd. Eg har lese dei bøkene som kom før i serien om det hundreåret vi har lagt bak oss.

Eg var ikkje uoppmerksam under bilturen og då eg hadde fått tak i boka eg skulle ha, svinga eg innom bruktbutikken på Vigeland. Det er Indremisjonsforbundet som driv den og dei har ein heil vegg med kristne bøker, men også fire vegger med generell litteratur. Den er ikkje sortert, så alt står hulter til bulter. Men om ein finn noko, kan ein ta med ein pose for ein femtilapp.

Det eg ikkje var merksam på, var at alt før eg skreiv min lille artikkel om Tone Jorunn Løyland klokka 10.30, hadde SiriJ vore i gang med å skrive nye artiklar som førte til at vi i dag runda eit nytt hundretal. No har vi 91 723 artiklar på Setesdalswiki, for ho har halde fram utover dagen i dag, sist med teksten til presentasjonen av programmet Historier med musikk til som ho hadde i februar.

Men i ettermiddag merka eg at vi alt var kome 23 artiklar ut over det nye hundretalet. Vi brukte om lag tre veker på hundre nye artiklar denne gongen. Då eg kommenterte at vi passerte forrige hundretal 11. februar, lurte eg på om vi kom til å klare eit nytt hundretal i februar. Det gjorde vi altså ikkje, men om tempoet held seg, vil vi nok nå eit nytt hundretal før vi skriv april.

For øvrig lurer eg på om eg snart kan kaste boka Håndbok i BASIC. Den kjøpte eg i 1992, då trudde eg sikkert at eg skulle nytte data til å programmere. Slik vart det ikkje, eg har vel knapt programmert noko i heile livet mitt. I staden har eg kunna nytte meg av andre sin innsats på det området og heller bruke ulike dataprogram til anna skriving. Boka er på 466 sider og eg kunne nok ha bruk for plassen ho tek til eit par andre bøker.

Om eg legg henne saman med avisene og er litt uoppmerksam, hamnar ho kanskje i papirboksen utan at eg vil sakne henne. Bildet øverst i denne teksten henta eg frå Gjenbruksbutikken på Vigeland si nettside.