Djupe spor

Share

To diakonisser sette djupe spor etter seg på Madagaskar. I dag har eg lese Gabriel Nakkestad si bok En heltinne blant spedalske. Den handlar om Marie Føreid frå Søgne, fødd 1861. 29 år gammal reiste ho i 1890 til Madagaskar for å arbeide som diakonisse blant spedalske.

Arven etter Marie Føreid kan ein kanskje seie at Milly Kopperud tok opp. Ho var knapt fødd då Marie reiste til Madagaskar, men få år etter at Marie Føreid døydde i 1940, reiste ho til Mangarano for å halde fram arbeidet for dei spedalske.

På det meste var det 900 pasientar i landsbyen etablert for formålet. I dag er vel sjukdommen helst utrydda på Solskinnsøya.

Dei to diakonissene hadde mange medarbeidarar. Fleire misjonærar er omtalte i Helt til jordens ende av Torbjørn Greipsland. Eg må nok få lest dei artiklane også, til no har eg helst lese om kinamisjonærar i den boka.

Dei to diakonissene fekk både Kongens fortenstmedalje, Madagaskars nasjonalorden og andre teikn på heider. Vi som er gamle nok, hugsar sikkert enno annonsane med rød kant rundt med oppfordring om å gje pengar til hjelpearbeidet til søster Milly.

Diakonissene på Madagaskar sette djupe spor etter seg.