Corona

Share

Pandemien har no også kome til Setesdal. I kveld kunne vi i Vale radio høyre at 10 elevar frå Hovden som var blitt sende heim då den vidaregåande skulen på Hornnes vart stengd, hadde blitt innkvartert på ei hytte i staden for å kunne reise heim til foreldra.

I dag har også kommuneleiinga i heile Setesdal sett grense for at folk kan samlast i større samlingar. Om ein ventar fleire enn 50, må ein søke eller melde frå, etter det eg har fått med meg.

Også Setesdalswiki fekk i dag toppnotis på sidene der vi tek atterhald om at det som står på vår kalender kan bli avlyst utan at vi maktar å få det med oss.

Sjølv var eg på bibeltime i Mandal kirkesenter der vi ikkje handhelste på kvarandre. Og truleg kjem vi ikkje til å gjere det framover våren heller. I Italia har dei stengt alle butikkar med unntak av matbutikkar og apotek. Her i landet vaskar dei plasser der folk ferdast oftare enn før, no skal vi ikkje bruke handlekorger i butikkane, men handlevogner, det er lettare å vaske handtaket der enn å måtte sende heile korga til reingjering når ho er brukt.

Sjølv brukar eg forresten alltid handlevogn når eg er i butikken. Eg fyller i den lille korga øverst i vogna, når den er full, er det på tide å gå til kassen. Dermed kjøper eg ikkje for mykje. Ein kan spare pengar på mange måtar.

Så langt kjenner eg ingen som har hatt Corona-influensa. Men Sigmund vart permittert i dag, firmaet han jobbar i lever av å levere lydanlegg til store forsamlingar. Den marknaden har også tørka inn, no treng ein knapt høgtalar for å snakke til grupper på 50-100 personar. Så får vi sjå korleis det går. Enn så lenge held vi oss heime og gleder oss over at det går mot vår.