Tolmod

Share

Vi kjem til å trenge mykje tolmod i dagane og vekene framover. Mange skal ha heimekontor, mange sit alt i karantene fordi dei har vore ute og reist eller har ein kjenning som har vore ute og reist og som har kome direkte heim utan karantene.

I kveld talte endåtil kong Harald på Dagsrevyen, slikt skjer bare når det er krise i landet. Og han talte frå karantena si på Kongsseteren. Fleire statsrådar er i karantene, men enn så lenge har Erna gått fri.

Det er litt underleg at det etter det eg veit ikkje er særleg mange, om nokon smitta i Lindesnes. Men dei som trudde at fritidsbustaden på fjellet var ein god plass å ha karantene, måtte tru om att. Små fjellbygder har ikkje helsestell nok til å ta seg av alle sjuke om det skulle kome eit utbrot.

Og skiskyttarar som kom frå Finland med heider og ære, dei måtte sanneleg også i karantene då dei kom heim. Sport går for tomme tribunar i den grad den går. Eg som likar å sjå på snooker på TV, ser at det heller ikkje der er publikum.

I Storbritannia har dei vald ein annan strategi, fekk vi høyre i kveld. Dei tenkjer at 60 % kan få det, så blir dei immune, etter det eg fekk med meg. Kva som er beste strategien, er eg ikkje sikker på. Eg held meg heime og om eg går ein tur på butikken, så er visst det lov, akkurat som at det er lov å gå ein tur her på Eskeland, kor ein slett ikkje treffer mange folk.

Men eksterne restauranbesøk vert det nok ei stund til vi atter kan unne oss. Då er det godt at det finst pølsegrateng.

Bildet kan inneholde: dessert og mat