Videokonferanse

Share

I det minste er det kome noko godt ut av dette, sa ein av debattantane i kveldens sending Debatten på NRK.  -Vi er blitt betre på å bruke videokonferansar.

Dette var også eitt av orda ordførar Steinar Kyrvestad var innom då han i kveldens program i Valle Radio informerte om at neste kommunestyremøte, som skal vere i slutten av mars, kanskje kan bli halde som videokonferanse. -Det er ikkje det same som å møtast i same rom og diskutere politikk, sa han, men kan hende kan det vere ei brukbar løysing.

Han fortalde også at underutval i kommunen kom til å nytte dette, for det var viktig å få vedteke reguleringsplanar og anna, slik at dei kunne kome ut på høyring og at ikkje slike prosessar stoppa opp, for då ville i alle fall det lokale næringslivet stoppe opp.

Dette var også Bjørn Erling Auestad inne på. Bykle Hotell handlar til vanleg mest mogleg lokalt, slik at dei kan stø lokalt næringsliv. No er hotellet nedstengt og folk permitterte, men han vona at livet kunne normalisere seg før sommaren i det minste.

Sven Magne Brokke var også oppteken av korleis det lokale næringslivet skulle kome seg gjennom krisa, Folk får jo ikkje lov å kome på hyttene sine. Og Geir Uppstad fortalde at dei framleis hadde arbeid, men bestillingane turka plutseleg opp. Om nokon ville at røyrleggarfirmaet hans skulle ta ein kikke på om det var lekkasje eller andre problem på hytta deira, var det bare å ringe.

I tillegg til desse snakka Siri Johannessen i kveldens sending med Grete Fossen frå Hasla om korleis situasjonen var for dei i denne krisa. Det fekk eg dessvere ikkje med meg, for då vart eg ei lita stund oppteken av noko anna.