Rysstadbassenget

Share

I kveldens sending i Valle Radio var det ein interessant samtale mellom Siri Johannessen og professor Gaute Velle frå Universitetet i Bergen. Då fekk vi vite noko av grunnen til at canadieren Robert frå Ottawa har vore om lag ein månad i Rysstadbassenget. Ettersom han ikkje snakka så godt norsk, vart det til at han viste Siri til ein som kunne fortelje.

Det dei prøver å finne ut er korleis fisken reagerer på lufta i vatnet som kjem ut frå Brokke kraftverk. Dette vatnet har runne 30 km i tunnel frå Bykle og når det kjem ut frå turbinane, blir det pressa mykje luft inn i vatnet. Då har det så mykje luft i seg at det boblar om lag som brus, etter det eg skjøna. Då kan fisken få dykkersyke, han får for mykje luft i seg. I tillegg er det ulik temperatur i høve til vatn som renn fritt, det er henta frå djupt vatn i Botsvatn, om vinteren er det varmare enn vatnet fisken står i, om sommaren er det kaldare.

Det er også ein problematikk med krypsiv i Rysstadbassenget. Forskarane nyttar også høvet til å radiomerke fisk for å sjå korleis han reagerer når han er i krypsiv og korleis han reagerer når han er i område som er reinska for krypsiv. Fisken treng grus for å gyte, men når det vert mykje krypsiv, vert det mindre grus. Med radiomerking og lyttebøyar kan ein sjå korleis fisken oppfører seg.

Til sist spurte Siri spørsmål kva ein skulle gjere om ein fiska ein fisk med radiosendar. Då skulle ein kontakte Gaute Velle, som var glad for å få høve til å vere med i Valle Radio. På grunn av koronaepidemien hadde dei ikkje kunna arrangere eit folkemøte som dei hadde planlagt å ha på Rysstad. I staden fekk han i det minste fortelje det på radio. Om nokon hadde spørsmål, kunne dei kontakte han.

I kveldens sending hadde Siri også samtale med fylkesordførar Arne Thomassen om tiltak for næringslivet i samband med koronakrisa og med Margit Dale om tradisjonsmat til påske. Her fortalde ho at dei ikkje hadde særleg tradisjonsmat knytta til påskehelga, anna enn appelsin på skitur. Og så skulle Kystmat-serien starte 14. april klokka 20 på TV2 i fire nye episodar. Dei var heldigvis innspelte før unntakstilstanden starta.

Her er eit bilde av Gaute Velle, henta frå sida hans på Universitetet i Bergen:

Gaute Velle's picture