Bare ein

Share

I Setesdølen i går stod det at Siri Johannessen og Anna Slaby var i studio i Valle Radio. Men det var nok ei misforståing, alle vi som høyrde programmet, høyrde at Anna var på Spasertur. Ho kom heilt til Steinsland, sa ho.

Styret i Valle Radio har sagt at bare Siri kan vere der i desse vekene før påske på grunn av koronakrisa. Dei har endåtil avlyst påskesendingane. Truleg kunne dei nok ha halde påskesendingane i ei anna form, men noko av sjarmen med desse sendingane er jo kontakten med folk som er på hyttene. Når det ikkje er folk på hyttene, fell jo mange av lyttarane som høyrer på fm-radio bort.

Sjølv om Siri er aleine i studio, får ho til mykje ved hjelp av telefonen. I desse digitale tider kan ein nytte Skype eller Facebook som telefon, Spotify leverer musikken digitalt, så ein treng ikkje finne fram plater for å spele den. Likevel er det jo litt vanskeleg å finne musikk når ein skal prate på lufta, styre teknikken, ringe til den ein skal snakke med og så vidare, så eg skjønar at ho vil ha inn helsingar på førehand og at ikkje alle kan få den musikken dei kanskje kunne ønska seg.

Sjølv var eg så heldig å bli trekt ut til å få ei bok tilsendt frå Norsk kulturminnefond då eg svarte på eit spørsmål under Opi sending onsdagskvelden. Den var svært moro å høyre på, med Jorunn Lund Harstad i stova på Harstad og Siri aleine i studio også  den kvelden.

Så i går laga eg ein artikkel om Simen Bjørgen på Setesdalswiki og i dag kom artikkelen om Norsk kulturminnefond.

Simen Bjørgen‎ (diff | hist. . (+1 463)‎  Norsk kulturminnefond‎‎

Setesdalswiki får mange artiklar basert på det som skjer i radioen og det som står i avisa Setesdølen. Dermed vert det lenker til litt av kvart. I går var det ein notis om Olaf Tønnesland Hodne‎‎ (2 endringer | historikk. . (+784)‎ .  Den artikkelen fann eg eit bilde til på Facebooksida hans. Den fotografen som hadde teke det, var profesjonell, så då eg ringte han og spurte om å bruke bildet, var han ikkje særleg interessert i det. Men så sa eg at eg kunne skrive ein artikkel om han også, og då vart vi samde om at eg skulle det, så kunne eg bruke artikkelen. Men eg har ennå ikkje skrive om fotografen, det kjem nok i morgon. Helst ville eg skrive om dei begge også på Wikipedia, men då må eg finne ein måte å lenke dei på, og det har eg ikkje klart enno. Eg er jo bare ein.