Litteraturpris

Share

I dag vart det til at eg skreiv ein artikkel om Koftearven, boka på 400 sider som Annemor Sundbø ga ut i 2019. Når eg skriv omtale av ei sakprosabok, vil eg gjerne ha med innhaldslista, men den var så lang at det såg eg ikkje syn på å begynne med. Eg intervjua Annemor i Valle Radio då boka kom, då trudde eg det var ei ny strikkebok, men ho arresterte meg då eg sa at eg ikkje kunne strikke, så den boka var neppe noko for meg. -Det er nok ei strikkebok også, sa ho, men det er først og fremst ei bok om strikkehistorie og strikkekultur.

Vi har boka, og då eg skulle skrive artikkelen om ho, fann vi ho i bokhylla, og Annemor hadde rett, her er det så mykje at ein som ikkje strikkar ein maske heilt sikkert og vil finne noko å lese om. Ikkje så rart at ho er nominert til Sørlandets litteraturpris, det er eit gedigent verk. Den prisen har for øvrig Annemor fått før. I 2006 fekk ho den for Usynlege trådar i strikkekunsten. 

I forlengelsen av dette vart det også ein artikkel om prisen og ein om dei nominerte til prisen i 2020.  Så også i dag vart det fem nye artiklar. Her er lista:

Men det vart mest om Sørlandets litteraturpris. Opprinneleg kunne ein stemme til 31. mars, skreiv Fædrelandsvennen. Men no er stemmeperioden utvida til 23. april, Verdens bokdag. Så om du ikkje har stemt ennå, kan du raskt gå inn på heimesida til prisen og stemme.  Her er logoen til prisen:

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *