Maraton

Share

Det kjentest som ein maraton for meg å prøve å skrive 9 artiklar o, sangar av Fanny Crosby i løpet av dagen. Ho hadde 12 sangar i Sangboken, skreiv eg på bloggen i går. Då eg la meg, hadde eg laga fire, så det var att åtte.

Difor kom eg i gang nokså tidleg i dag. Las og lytta, las og lytta. Smått om senn gjekk det framover. Den første lagra eg klokka 8, den siste klokka 15.30, så det var ein god arbeidsdag.

I kveld gjekk så programmet på lufta, der eg kunne vere programleiar via telefon og Skype. Siri hadde funne fram sangane frå ulike kjelder, så det vart ganske variert. Eg er jo glad i korsang, det hadde ho dekka ved å finne eit nederlandsk kor. Der kunne eg ikkje språket, men melodiane er jo kjende på alle desse sangane, så kunne eg ha Sangboken og følgje med på norsk.

Etter at eg var ferdig, hadde Siri sin time. Då snakka ho først med Lisbeth Dalquist Homme om å lese. Lisbeth las også litt og til slutt i kveld snakka Siri også med Aud Kjersti på biblioteket om at det framleis er råd å få låne bøker om ein bestiller og avtalar henting, men at det ikkje er råd å få levert inn før dette er stoppa. Fjernlån går jo heller ikkje no, kjøretenesta mellom biblioteka har stoppa.

Deretter snakka ho med Simen Bjørgen frå Kulturminnefondet før ho fekk Knut Olav Uppstad på tråden. Han har skanna alle nummer av Vegleiaren og dei snakka litt om det. Mellom anna kom det fram at Vegleiaren stoppa i 1942 og kom ikkje ut att før etter krigen. Dei undra seg på kva grunnen kunne vere til det. Då tok eg ein telefon til Knut Olav og sa at eg trudde det skuldast det som på Wikipedia er kalla Kirkekampen. Vi fekk ein hyggeleg prat, dermed fekk eg ikkje med meg så mykje av Postludium.

Valle Radio leverer interessante og lærerike sendingar. Siri tok bildet av meg då eg hadde sangprogrammet. 🙂 Det er ikkje måte på alt ein kan gjere digitalt no for tida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *