I dag var det tid for Sangstund i Valle Radio på dagtid frå klokka 10-12. At vår lokalradio sender på dagtid, det er nytt når det ikkje gjeld overføring av møte i Setesdal regionråd. Men det starta i grunnen sist veke, og er truleg eit resultat av koronapandemien.
Programmet skal gi eit høve til å syngje med for alle som ikkje orkar å sitte i timevis med program om epidemien på TV. Det er laga ikkje minst i samråd med ergoterapeutane på alders- og sjukeheimane i Bykle, Valle og Bygland og i samarbeid mellom kulturkontoret og kulturskulen i Valle. Siri Johannessen og Anna Slaby står for programmet, men ettersom det bare er Siri som kan vere i radiohuset, held dei kontakt på telefon medan Anna er ute på vandring i bygda.
Tidlegare hadde Anna ei sangstund i Sæbyggjen torsdag ved lunsjtid der folk kunne kome og få seg kaffi til matpakka eller kjøpe seg litt å bite i. No er det blitt eit utvida konsept på radio. Som om ikkje det er nok, har dei endåtil starta opp eit program for barn klokka 13-14.
I dag hadde eg høve til å høyre programmet og bidra med litt informasjon gjennom lenker på Setesdalswiki. Difor legg eg ut programmet her på bloggen, slik at du kan sjå sangane. Kanskje får du lyst til å syngje med.
- «Tulpen uit Amsterdam» med Dutch flavours, fra albumet Dutch Barrel Organ (2011).
Sidenummer er henta frå Syng med! Sangbok i stor skrift utgjeve av Orkdal Diakoniutvalg i 2014.
- «Den glade vandrer» med Lindesnes Trekkspillklubb, fra albumet Lindesnes trekkspillklubb 5 (side 136 i den grønne boken)
- «Calle Schewens vals (I Roslagens famn)» med Evert Taube, fra albumet Evert Taube / Musik vi minns
- «Eg veit ei lita jente» med Kirsten Bråten Berg, fra albumet Songen (side 74 i den grønne boken)
- «Anna Lovinda» med Erik Bye, fra albumet Norske viseperler (side 112 i den grønne boken)
- «Den himmelske lovsang» med Olav Werner, fra albumet Den himmelske lovsang (side 167 i den grønne boken)
- «Jag väntar vid min stockeld» med Håkon Renanger, fra albumet Jag har den äran
- «Nidelven» med Syskena Rike, fra albumet Dei venaste songane (side 69 i den grønne boken)
- «Per Spelmann» med Pudding-TV, fra albumet Pudding-TV’s beste (side 134 i den grønne boken)
- Knut K. Homme fortalde om ordsamlaren Bergit Rike, og litt om Taddeiv Bjugsson Aakre.
- «Å leva det er å elska» med Gunstein Draugedalen, fra albumet Du ser det ikkje på meg (side 250 i den grønne boken)
- «Astrid, mi Astrid» med Kirsten Bråten Berg, fra albumet Songen (side 94 i den grønne boken)
- «Skjoldmøyslaget, etter Olav Heggland & Hallvard T. Bjørgum» med Johanne Flottorp, Gard Nergaard og Tor Hoslemo fra albumet Dalstroka innafor – Hardingfelespel frå Agder.
- «Valle min heimstad» med Syskena Rike, fra albumet Dei venaste songane.
- «Gamle Svarten» med Sven-Olof Sandberg, fra albumet Minnenas musik vol. 3 (side 73 i den grønne boken)
- «Sussebass» med Oslo Harmonikvartett, fra albumet Våre beste sommerlåter (side 141 i den grønne boken)
- «Tio tusen röda rosor» med Jan Høiland, fra albumet Tio tusen röda rosor (side 101 i den grønne boken)
- «Gabriellas sång» med Helen Sjöholm, fra albumet 100 svenska ballader
- «Kjempekaren, det er noko som tradisjonen er oppteken av!», fortalt av Olav Bø, fra albumet I Setesdals forteljetradisjon (1996)
- «Heime i Valle» med Ånund Lund, fra albumet Blanda drops
- «Barnatro» med Hans Martin, fra albumet Där rosor aldrig dör (side 231 i den grønne boken)
- «La det swinge» med Bobbysocks, fra albumet La det swinge (side 140 i den grønne boken)
- «Å vesle-Kari vår» med Sølvguttene, fra albumet Sølvguttene 50 år (side 93 i den grønne boken)
- Knut K. Homme las to stykkje skrive av Taddeiv Bjugsson Aakre:
- «Då dei flutte or gamlestog og inn i nyestog» frå Agder Tidend 1931 og
- «Rik-Olav Bø», og frå Agder Tidend 1951.
- Knut K. Homme las to stykkje skrive av Taddeiv Bjugsson Aakre:
- «Ein fin liten blome» med Vera Henriksen, fra albumet Some pretty day (side 202 i den grønne boken)
- «Fager kveldsol smiler» med Inger Lise Stulien, fra albumet Min vår (side 154 i den grønne boken)