Tenn ljos

Share

I dag var gravferda til Ketil Homme. Ettersom det ikkje var lov å ha ei vanleg gravferd på grunn av korona-restriksjonane, var det mange som ikkje fekk gå i den gravferda.

Ketil Homme var jo ein ung mann og han hadde mange vener. Liv Bakke Kvinlog og Thor Åmli tok initiativ til ei alternativ samling for han på Facebook og etablerte gruppa Tenn ljos for Ketil Homme. Der kunne ein legge ut eit bilde av eit ljos tent heime.

Geir Daasvatn skreiv dette i si helsing:

I dag fredag 20. mars vert Ketil H. Homme fylgd til den siste kvilestaden. Han døydde brått i Kristiansand fredag 29. februar, berre 43 år gamal, og vert gravlagd frå Valle kyrkje klokka 11 no i føremiddag.
Eg blei kjend med Ketil då han spelte fotball i Otra på Evje i 16-17-årsalderen, på byrjinga av 1990-talet. Han var ein humørfylt og strålande gut, og eit stort fotballtalent. Eit driblefantom. Seinare, i det vaksne livet hans, var det ikkje så ofte me treftes. Men det var alltid hyggeleg å seie hei på fotballcupar med borna eller ved andre høve der vegane møttest. Ketil var kvar gong i det same gode humøret som eg hugsa så godt frå fotballbanen.
Korleis livet til Ketil var etter ungdomstida kjenner eg såleis ikkje mykje til. Men på fotballbanen der eg kunne følge han ei tid var han ei stjerne. For meg er han framleis det.
Venene til Ketil har ein vakker aksjon i dag. Som følge av den vanskelege situasjonen med koronaviruset, kan dei ikkje følge han i gravferda. Der kan berre den næraste familien vere med. Difor vil dei tenne eit ljos i sin eigen heim, eller på arbeidsstaden, når gudstenesta tek til kl. 11.00, for å gjeve sitt farvel til Ketil og si støtte til hans næraste som er i ei ufatteleg trist og tøff tid.
Eg tenner óg eit ljos for Ketil i dag, og takkar for den vesle men fine tida eg fekk følge han på fotballbanen. Han flaug som ein vind over banen. I dag tek han på seg sine «flyin’ shoes», som Townes Van Zandt så vemodig trist syng om, for aller siste gong.
Ei siste helsing, Geir Daasvatn
Bildet kan inneholde: folk som sitter, stearinlys, bord, brann og innendørs
Vi lyser fred over Ketil Homme sitt minne.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *