Villreinfjella

Share

Tysdagskvelden hadde Siri Johannessen ikkje bare tema om lokalhistorisk litteratur i radioen, men også ein samtale med Snorre Haukalid om villreinfjella. Bakgrunnen var at han i går hadde ein presentasjon av arkeologiske utgravingar i Bykle og Setesdal Vesthei på KUBEN i Arendal. Det foredraget kunne han godt også halde i Bykle om han vart invitert, etter det eg kunne skjøne. I presentasjonen av programmet i Arendal heitte det:

Kom og hør på arkeolog Snorre Haukalid, som jobber i Agder fylkeskommune og har ansvar for utbygging knyttet til energiproduksjon. Han skal fortelle om de omfattende arkeologiske registreringer i det planlagte Blåsjø-magasinet og av Urarvatnet i Bykle vesthei, som ble foretatt i forbindelse med vannkraftutbygging fra 1960-tallet!

Et betydelig antall steinalderboplasser og dyregraver viser hvordan fortidas mennesker utnyttet villreinstammen i området fra steinalder og frem til middelalderen. Foredraget vil beskrive resultatene fra registreringene – og nyere bruk av området.
Foredraget er inkludert i inngangsbilletten til KUBEN (90kr) .

 

I samtalen med Siri fortalde han om korleis dei arkeologiske utgravingane kasta lys over utnyttinga av heiane heilt tilbake til steinalderen, noko dei kunne finne ut ved C14-prøvar av trekull funne på leirplassar som var nytta for inntil 4000 år sidan. Jegarane budde i telt og la steinar i ring for å halde teltet nede. Desse steinane ligg framleis att mange stader. Innanfor den ytre ringen ligg ein mindre ring som har vore til eldstaden i teltet. Slike telt finn ein ved tråkk for reinsdyr. Det er registrert 100 dyregraver i Bykle.

På heiane er det eit nettverk av stiar, ikkje synlege i dag, men markerte med små vegvisarvardar. Snorre Haukalid meinte at fangstfolka budde ved kysten og i periodar drog på heia for å drive fangst. Det er bare 4-5 mil frå Lysefjorden til Bykle, så det var ikkje noko lang reise. I samband med etableringa av Blåsjø-magasinet gjorde Sveinung Bang Andersen ved Stavanger museum arkeologiske utgravingar. Dei kunne ein også bygge på i registreringar ein skal gjere no til sommaren.

På Fjellmuseet i Sirdal er det ei utstilling om Heibergheiane som også syner noko av det mangfoldige livet i heiane i gammal tid. Bildet er illustrasjonen til foredraget i KUBEN:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *