Det er mange spørsmål om Covid-19 på TV, men vi skrur av og finn spørsmål i aviser og blad i staden. Der er det også mange spørsmål, så vekslar vi å lese og lærer litt kvar dag:
Kva for eit land betyr Svarte fjell?
Kva kallar vi den veka som tek til palmesøndag?
Kva for eit land var det påskeopprør i 2. påskedag 1916?
Kva heiter spørjeprogrammet som vart starta av Viggo Valle i 1987?
Kva heiter statsministeren i veras nest mes folkerike land?
Palmesøndag 2020 var ein fin dag, så mange var nok frista til å gå ut. Men eg heldt meg inne. I dag var første korona-dødsfall i Mandal, så det fristar ikkje akkurat å dra til meir tettbygde deler av kommunen heller.
Sjølv om eg har helst prøvd å fikse på artikkelen om kulturminner i Valle i dag og rette opp det eg kalla tabbe i går (Reidun meinte at det nok bare var eg som tykte det var ein tabbe), har Setesdalswiki fått 10 nye artiklar i dag også. Her er lista:
- 5. apr. 2020 kl. 12:57 Farestø (hist) [889 bytes]
- 5. apr. 2020 kl. 10:04 Steinar Straume Hjelmås (hist) [87 bytes]
- 5. apr. 2020 kl. 09:39 Steinar Straume Hjelmaas (hist) [630 bytes]
- 5. apr. 2020 kl. 09:31 Helga Straume Hjelmaas (hist) [553 bytes]
- 5. apr. 2020 kl. 09:11 Sagwollen stadion (hist) [795 bytes]
- 5. apr. 2020 kl. 08:38 Uleberg stadion (hist) [503 bytes]
- 5. apr. 2020 kl. 07:56 Blekehølfossen (hist) [806 bytes]
- 5. apr. 2020 kl. 07:49 Hannås sag (hist) [527 bytes]
- 5. apr. 2020 kl. 00:32 5. april 2020 (hist) [354 bytes]
- 5. apr. 2020 kl. 00:19 Einar (rudkall) (hist) [436 bytes]
Og så fiksa Margunn eit bilde til artikkelen om John Olav Larssen: