Droner og toner

Share

Kveldens sending i Valle Radio var som vanleg variert. Vi fekk høyre møtet som Norea Mediemisjon hadde på Nomeland bedehus fredagskvelden, eit tiltak som kom i stand takka vere Torfinn Brokke. I våre dagar kan ein jo ikkje ha møte, så det var bare dei som arrangerte møtet som var til stades, men med streaming og radiooverføring kan ein nå mange. I informasjonsdelen av møtet fekk vi også høyre eit intervju med ei kristen jente som vaks opp i ein heim der det var vanskeleg og vi fekk høve til å støtte arbeidet til Norea mediemisjon. Vakre tonar var det også,

Innslaget om droner i politiet handla om korleis dronepilot og politibetjent Christian Ekra i Kristiansand hadde kunna nytte varmesøkande kamera då politiet leita etter ei kvinne som hadde gått seg bort i Mandal. Takka vere dette kameraet hadde dei truleg redda livet til kvinna. Enno er det bare Agder, Trøndelag og Troms som har slike droner i politiet, men Ekra meinte at alle burde få det. Det kan vere nytting i mange situasjonar, både ved brann og leiting etter folk og dyr.

Deretter hadde Siri ein prat med Sigurd Langeid om påsketrafikken. Det vart 50 forelegg, men ingen vanskelege situasjonar. I desse koronatider kommuniserer politiet mykje digitalt, men det gjer dei også i normale tider i eit langt distrikt, kunne han fortelje.

Siste del av kvelden var vigd til eit møte med kantor og domorganist Dan René Dahl i Fredrikstad domkyrkje. Her fekk vi møte både mannen og musikken og han kunne ikkje tenke seg å arbeide med noko anna enn musikk, etter det eg skjøna. Han kom til Fredrikstad domkirke i 1996, så han har snart vore der i 25 år. I kyrkja er det fem kor og to kantorar, så han hadde mest ansvar for spelinga, om eg forstod det rett, men det inkluderte jo også speling for kora. Dahl presenterte sjølv musikken som vart spelt, og det gjorde han på fin og informativ måte, så det var godt å høyre på.

Bildet er frå Noreamøte på Nomeland. Torfinn Brokke på talarstolen,

Bildet kan inneholde: 1 person, på scenen og står

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *