I Setesdals forteljetradisjon

Share

I dag fann eg plata på Spotify som Siri Johannessen har brukt i torsdagssendingane der professor Olav Bø fortel små snuttar om folk og hendingar under temaet I Setesdals forteljetradisjon.

Og så let eg han fortelje.

Han meinte at mykje av denne tradisjonen er borte, i vår tid er det så mykje som skiplar. TV og radio fyller kveldane der ein før sat saman og røda og fortalde soger. No er mest både sogene og forteljarane borte, meinte han.

Heilt sant er det vel ikkje. Når Jørund Georg Jore set seg ned og fortel, då kan ein få glimt av ein slik forteljartradison, han er eit oppkomme av soger av nyare dator og litt eldre dato. Han hadde fødselsdag i går og eg er rimeleg sikker på at om det ikkje hadde vore koronakrise, hadde han nok hatt nokre gode soger til dei som feira kvelden med han.

Olav Bøe baserte sogene sine på Gamalt or Setesdal, og der er det kjelder til mange soger. Men det er nok ikkje så mange som er så godt kjent med det storverket lenger.

Ein av dei som er omtalt, er Esaias Bugge. Olav Bøe si soge er ganske kort. Setesdalswiki sin artikkel er basert på det som er teke med i Gards og ættesoga for Valle som Alfred Ryningen skreiv. Då får vi vite mykje meir. Eg laga den artikkelen i går. Han blei på mest 17000 teikn og skildrar mellom anna mange av rettssakene presten hadde.

Bugge var prest i Valle mest 50 år og ville ha jord til prestegarden og til borna. Han rana til seg ganske mykje jord, fortel Olav Bø.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *