I kveld avvikla Valle kommunestyre sitt møte digitalt. Folk sat med sine nettbrett eller korleis dei nå løyste det, er eg ikkje sikker på. Men det fungerte, så langt eg kunne få med meg. Det var jo ikkje noko orientering av eksterne folk, slikt må vel vente til livet vert meir normalt att, om det då ikkje skjer at den som skal orientere spelar inn ein film på YouTube med orienteringa si.
I morgon er det også sending i Valle Radio. Den startar klokka 10 og går til 12, du såg programmet på bloggen i går. Du kan sende inn helsing som melding på radioen sitt vanlege telefonnummer 4177 6666.
I dagens sakspapir til møtet i kommunestyret var det også ei sak med oversyn over alle selskapa som Valle kommune er medeigar i. Det var jo interssant å få eit slikt oversyn, så eg laga ein artikkel på Setesdalswiki.
Aktiviteten har ikkje vore all verdens stor i dag når det gjeld nye artiklar, men eg skreiv ein sak, inspirert frå i går om den første Setesdalskappleiken. Den var i 1908 på Byglandsfjord. Det deltok bare fem spelemenn, men det var mange tilhøyrarar. Tema i går var tradisjon og fornying, og eg kan nok skrive om fleire tradisjonsberarar med god hjelp av 50-års-soga til Setesdal Spelemannslag. Det får vel kome litt etter litt.
Her er dei siste seks artiklane på Setesdalswiki:
- 1. apr. 2020 kl. 23:04 Valle kommune sine selskap (hist) [3 264 bytes] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Valle kommune sine selskap)
- 1. apr. 2020 kl. 22:59 Sangstund i Valle Radio 20200402 (hist) [4 014 bytes] Siri J (diskusjon | bidrag | blokker) (Ny side: ”’Sangstund i Valle Radio 20200402”’ er sida til programmet i Valle Radio torsdag 2. april 2020. Siri Johannessen var teknikar, og ansvarleg saman med Anna Slaby Driel.…)
- 1. apr. 2020 kl. 18:53 Onsdagssending i Valle Radio 20200401 (hist) [1 959 bytes] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (onsdagssending)
- 1. apr. 2020 kl. 13:40 Setesdalskappleiken 1908 (hist) [1 235 bytes] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Setesdalskappleiken 1908)
- 31. mar. 2020 kl. 20:08 Fisketjønn (Evje) (hist) [476 bytes] Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag | blokker) (Ny side)
- 31. mar. 2020 kl. 20:06 Bukketjønn (hist) [465 bytes] Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag | blokker) (Ny side)