Kulturminneplan

Share

I onsdagens kommunestyremøte handsama Valle kommunestyre også saka Status for kulturminneplanen. I saksdokumenta låg det eit interessant innspel frå Karin Bøe. Det vil eg gjerne dele med dykk som les bloggen min:

Prestegardshagen i Valle. Han blei anlagt av sokneprest Peder Blom i 1865. Seinare har dei ulike prestane hatt ansvaret for han, nokre har stelt godt med han, nokre har gjort ingenting og nokre har saga ned. Det er ikkje lang tradisjon for hagar i Bykle og Valle, særleg  ikkje prydvekstar. Difor meiner eg at denne hagen er spesielt viktig. Det er truleg den eldste hagen i Bykle og Valle og den einaste prestegardshagen i Setesdal. I Bygland er det ikkje noko  prestegardshage.

I 2017 ville Opplysningsvesenets Fond «pusse opp» hagen for å gjere han lettstelt. I mai skulle Nomeland Anlegg inn i hagen og gjere drastiske endringar. Eg prøva å forhindre dette då hagen ikkje var undersøkt av fagfolk som er ekspertar på gamle hagar, pryd- og nyttevekstar. Men eg kom ingen veg sidan hagen ikkje var registrert som kulturminne!

Åsen ved Agder Naturmuseum var med meg 25. mai 2007 ein kjapp tur innom hagen og laga ei ufullstendig planteliste i etterkant. Åsen meinte i 2017 at det ikkje er gjort ei offisiell registrering av hagen og at han er verdifull med mange verdifulle og spesielle planter. Det er eit kulturminne. Ingen kulturminne er så flyktige som hagar.

Med dette bed eg om at Prestegardshagen blir tatt med i kulturminneplanen som eit viktig og eineståande kulturminne i Valle og Setesdal. Det som er att av hagen bør registrerast offisielt og takast vare på. Historisk utvikling av hagen bør også dokumenterast med intervju av eldre og gamle foto.

Truleg er det ein skrivefeil i første linje i nest siste avsnitt. Der står det 25. mai 2007, men det skulle nok vore 2017. 

Kan hende får eg til ein liten artikkel på Setesdalswiki også basert på innspelet til Karin. Bildet fann eg på Opplysningsvesenets fond si nettside.

Valle prestegard

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *