Mange spørsmål

Share

Det er mange spørsmål om Covid-19 på TV, men vi skrur av og finn spørsmål i aviser og blad i staden. Der er det også mange spørsmål, så vekslar vi å lese og lærer litt kvar dag:

Kva for eit land betyr Svarte fjell?

Kva kallar vi den veka som tek til palmesøndag?

Kva for eit land var det påskeopprør i 2. påskedag 1916?

Kva heiter spørjeprogrammet som vart starta av Viggo Valle i 1987?

Kva heiter statsministeren i veras nest mes folkerike land?

Palmesøndag 2020 var ein fin dag, så mange var nok frista til å gå ut. Men eg heldt meg inne. I dag var første korona-dødsfall i Mandal, så det fristar ikkje akkurat å dra til meir tettbygde deler av kommunen heller.

Sjølv om eg har helst prøvd å fikse på artikkelen om kulturminner i Valle i dag og rette opp det eg kalla tabbe i går (Reidun meinte at det nok bare var eg som tykte det var ein tabbe), har Setesdalswiki fått 10 nye artiklar i dag også. Her er lista:

Og så fiksa Margunn eit bilde til artikkelen om John Olav Larssen:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *