Min kveld

Share

I kveld var det min kveld i Valle radio, og det er som vanleg litt spennande. Denne gongen skulle alt skje digitalt, det var bare Siri Johannessen som var i radiohuset. Men heldigvis er den digitale dekninga god i Setesdal, det minna Aud Sunniva Fuhr oss om frå hytta si i Farsund, der ho har heimekontor. Takka vere den digitale utbygginga er det råd å ha heimekontor, på kommunehuset sit det bare nokre ganske få. Likevel går arbidet sin vanlege gang med handsaming av byggesøknader og anna som skjer på dei kommunale kontora.

Eg var så frimodig at eg tok ein telefon til Fagbokforlaget og lurte på om Valle Radio kunne få boka Folka og landskapet som premie i kveld. Det fekk vi, og Birgit Lund kan hente den på Setesdal bokhandel, for ho vann den i kveldens rebusar. Det var ikkje mange som var med på telefonen i kveld, Gyro Kopperud og Jorunn Lund Harstad får gåvekort på Joker på 250 kroner kvar.

Gunnen til at eg ba om boka, var at Ellen Svalheim skulle vere med og fortelje om stader i Setesdal som er omtalt i boka. Her er noko av det ho var inne på:

  • Restaurering av ei forfalt slåttemark i Kåvehagen (Flateland i Valle) m fokus på bl.a. innsatsen til Ånund Flateland s 74- 80
  • Slåtteorganisatoren i Bykle, Sigrid Bjørgum, m fokus på enga i Uppistog Byklum.s 81-82
  • Den viktige utmarka, m «Setesdal som case» formidla gjennom Leonhard Janssen v Setesdalsmuseet s 84- 90
  • Myrslått og høytliggende melkeproduksjon på Bjåen m fokus på Ragnhild Bjåen og Anders Dalseg, samt Sigurd Bjåen (far til Ragnhild), s 103-109.
  • Solblommen i Juvo, Bykle. Fokus på sauebeiting og ivaretakelse av ei trua plante, solblom. Fokus på Tor Mosdøl i Bykle
  • Biomangfold på museum, fokus på slåttedagen på Rygnestad s 214.

Ellen Svalheim fortalde levande om arbeidet med å ta vare på det biologiske mangfaldet som finst i slåtteenger i Setesdal. Om jorda ikkje blir slått, vil det fort bli kratt og kjere og tre og skog. For hundre år sidan var det knapt eit tre i Bykle kyrkjebygd, no er det lundar og småskog over alt.

Eg hadde også ein prat med Torun rundhovde Mørenskog. Ho er leiar for Sjømannskirken Familieveiviseren som hjelper sårbare barn i Spania. Ho kunne fortelje at det er 800 barn på fem norske skular i Spania. Dei kan ha behov for hjelp på mange område. I tillegg hender det også at turistar får problem. Nokre unge reiser til Spania utan foreldre, om noko då hender, og dei ikkje kan språket, kan det bli vanskeleg, sjølv om mange kan engelsk. Difor er dei 3,5 stillingar i den eininga ho leiar i Sjømannskirken. Og dei har nok å gjere.

Nå er Spania stengd, så ho måtte ha heimekontor i Bykle, ho kom ikkje ned att etter å ha vore i Norge ein tur. Digitale løysingar vart det altså for henne også.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *