Radiodag

Share

I dag vart det ein radiodag. Først var det overføring av møte i Setesdal regionråd frå 14 til 15 og så var det ordinær onsdagssending frå 19 og utover.

Eg laga ei eiga side på Setesdalswiki om Regionrådet sitt møte. Der var det naturleg nok ikkje plass til orienteringar i desse koronatidene når alt går digitalt. Men politikarane er blitt flinke til å ha digitale møter. Regionrådet hadde ikkje mange debattar i dag, men det vart litt usemje på siste saka, der Sigbjørn Åge Fossdal hadde eit anna framlegg enn det som kom frå dagleg leiar. Alle unntatt leiar Steinar Kyrvestad støtta Sigbjørn. Eg prøvde å få vedtaket slik at eg kunne ha det med på bloggen, men det gjekk kunne eg ikkje få før protokollen var ferdig. Så det får eg truleg i morgon og kan då legge ut på Setesdalswiki.

Klokka 19 var det Torleif Harstad sin tur til å ha andakt på telefonen. Det var uvant, men han klarte det svært godt. Teksten var frå påske og refleksjonane var prega av både lidingssoga og oppstoda før han bad Fadervår og lyste velsigning over lyttarane.

I bolken med Kommunen informerer var det ordførar Steinar Kyrvestad som igjen var på telefonen. Han var oppteken av at ein i Valle fylgjer nasjonale retningsliner og opnar litt etter litt: Barnehagane 20. april, småskulen og SFO 27. april, hytteforbodet 20. april, vidaregåande skule og frisør 27. april og kultur og idrett 15. juni.

Så ville han gi honnør til Joker Valle som kjører ut varer til folk, om ikkje dei hadde gjort det, ville truleg kommunen hatt større oppgåver med slike oppdrag. Han opplyste også at ombygginga for å få Joker Valle i kjellaren på Valle kommunehus gjekk sin gang.

I den aktuelle timen var Torunn Charlotte Nyberg som alltid vennleg og informativ då ho presenterte innslag frå UKM på Hovden tidlegare i vinter. Det vart ikkje noko av fylkesmønstringa som skulle vore i Arendal og landstreffet som skulle vore på Hove, men deltakarane i Bykle og Valle fekk mange gode ord for innsatsen sin.

Deretter hadde Siri Johannessen ein prat med Linda Dale som har etablert Dale bunadsylv etter mange år som sylvsmed hos Trygve Rysstad. Ho hadde mykje å gjere og såg lyst på å arbeide i eige firma med både smykke og sylv til Seteesdalsbunad, Telemarksbunad og Agderbunad. Ho er også lærar på gullsmedutdanninga på Valle vidaregåande skule og har 12 elever der som ho underviser digitalt i koronatida. Det er ikkje optimalt, men det fungerer.

Etter ein kort prat med brannsjef Mikael Kristensen om brannvern og forbod mot å gjere opp eld frå 15. april, overtok Johs. Bjørkeli studio med musikk. Og så var sendinga slutt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *