Sjangrar

Share

I skriving er det ulike sjangrar. Bloggen min er vel helst eit lite kåseri, mynta på folk som er interesserte i Setesdalswiki og Valle Radio med små avstikkarar til ting av meir personleg interesse for meg.

Når eg skriv på Setesdalswiki, må eg gå over til leksikonsjanger. Den har eg vel helst lært meg gjennom å skrive på Wikipedia til å begynne med, og så sidan følgje det opp på Setesdalswiki. Dei artiklane skal helst vere objektive og baserte på fakta og vise til kjelder som artikkelen er basert på.

Det er ikkje så ofte eg skriv reportasjar og intervju lenger. Men då eg var redaktør av Fiskerens Venn frå 1972 til 1976, måtte eg nytta dei sjangrane også. I dag fekk eg eit spørsmål frå Brit Obrestad, mitt søskenbarn, om eg kunne hjelpe henne med ein artikkel til Varhaugbuen, eit lokalt informasjonsblad som ho er med i redaktsjonen av. Dermed var eg tilbake mest 50 år i tid, til den gongen eg skreiv intervju. Det var i grunnen hyggeleg å oppleve den sjangeren att og tenkje på kor ulikt det var det som eg for det meste skriv no for tida.

Ein sjanger eg er dårleg på, er å skrive brev. Personlege brev til vener og kjente er det mest blitt heilt slutt på. Fleire gonger har eg tenkt at eg i det minste skulle skrive julebrev, men så stoppar det opp. Det verkar som om eg ikkje har meir å fortelje enn det som eg skriv på bloggen.

Dei siste dagane har eg arbeidd mykje med ein heilt annan sjanger i det Attersyn som Kjetil Jore skreiv. Då har eg tenkt at fleire burde skrive slike tekstar. Om det er nokon som har slike attersyn liggjande i ei skuff og som kunne tenke å dele dei med meg, ville eg blitt glad. Det minner meg på at eg truleg også sjølv burde skrive eit Attersyn, eg har jo vore med på litt av kvart når eg tenkjer etter.

I morgon er det tid for Valle radio igjen. Det er Siri som har ansvar for kvelden. Programmet finn du her. 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *