Slekt

Share

I mange år har Helge drive med slektsforskning. Han har nytta bygdebøker og andre kjelder både frå Valle og Jæren og Mandal for å finne foreldre, besteforeldre, oldeforeldre, onklar og tanter, kort sagt, alt som gjeld slekt.

Dette ligg no i ein stor database han har på sin maskin, og i denne koronatida kunne vi samle oss om å leite via tv-skjermen etter koblingar både hit og dit.

Med eit slikt program gjekk kvelden fort. I tillegg hadde eg funne noko om Esaias Bugge som eg ville få på Setesdalswiki. Det heng jo bilde av mannen i kyrkja i Valle. Kan hende burde det ikkje hengt der, han var ein stridbar prest som låg i rettsaker i mange av åra han budde i Valle, han kom til Valle i 1661 og døydde der i 1697. Folk trega på «at dei ikkje skulle kabbe Buggen med same han kom til dalen».

Av og til går det ikkje heilt som tenkt og eg hadde laga grunnlaget for ein artikkel, men så bomma eg på fana og klikka på x i staden, då lukka eg fana og med det forsvann det eg hadde skrive. Så eg må nok begynne på nytt.

Planen min om å halde fem om dagen, gjekk ikkje heilt i dag, men i morgon kjem ein ny dag og då kan eg skrive meir.

Esaias Bugge.jpg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *