Staute setesdølar

Share

I april hadde eg og Geir planar om å ha ein kampanje på Setesdalswiki si Facebookside der vi skulle presentere 30 staute setesdølar. Ideen hadde eg frå Nord-Norge, der Hilde Blix i Tromsø har som mål å presentere 365 stolte folk på Nordkalotten. Men ho har heile verda å ta av, så vi valde å nedskalere prosjektet litt.

Dette snakka vi om for ei veke sidan og avtalte at den av oss som først la ut, skulle gjere det. Men då 1. april kom, var det heilt borte frå mine tankar, og det var visst det same for Geir også. Difor kom det ingen i går, men i dag starta Geir med å legge ut fortelling om Jørgen Løvland, truleg den setesdølen som har nådd lengst i det politiske landskapet her i landet.

Så får vi sjå korleis det går vidare framover. I morgon kjem eg nok ikkje til å gløyme det, og eg har alt blinka ut kven eg vil ha på lista då.

I dag har eg halde fram med å skrive om spelemenn på Setesdalswiki. Boka som Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Lande laga i 1980 om Setesdal spelemannslag er ei gullgruve som kan gje grunnlag for mange artiklar. Og så kan ein rote litt rundt på nettet og finne utfyllande opplysningar. Det er spennande å setje seg litt inn i dette stoffet, ein lærer noko heile tida.

Her er dagens nye artiklar:

Men sjølvsagt må eg ha ein matpause av og til. Til middag i dag fekk eg pølsegrateng. Den smakte like godt som den såg ut.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *