Svein Ellingsen-kveld

Share

I kveld fall det naturleg å ha ein kveld med Svein Ellingsen-salmer i Valle Radio si tysdagssending. Dei kom som perler på ei snor og minna oss om den fine salmediktaren som gjekk bort 5. april, 90 år gammal.

Eg trur det var i 1993 eller 1994 han var med då vi i Vegkyrkja i Hylestad arrangerte Salmeseminar, Det meste av det har eg gløymt, men eg skreiv om det på bloggen 13. juli 2009 då han fylte 80 år, så eg kan jo godt sitere meg sjølv:

Eit av dei fyrste åra eg var i Valle, arrangerte eg som då var avdelingsleiar for kyrkja og Ånund K. Homme, som då var kulturkonsulent, i samband med Vegkyrkja i Hylestad eit salmeseminar. Vi var heldige og fekk Svein Ellingsen til å kome og vere med oss på seminaret, som var i Soknehuset på Rysstad og i Hylestad kyrkje. Vi visste truleg ikkje kor heldige vi var, men det var fine dagar og interessante tankar vi fekk desse lærerike dagane, sjølv om vi ikkje var så mange deltakarar.

Vi hadde nok håpa at han skulle trekke deltakarar frå mange kantar til oss der midt i Setesdal, men det gjorde vi ikkje. Og slik er det  mange gonger, det ein trur skal gå bra, blir ikkje som ein hadde venta seg. Men timen med hans songar og dikt, det vart ei god stund i radioen i kveld. Her er spelelista, og sangane finn du nok på Spotify:

  • Marianne Gangestad Ervum: «Men om jeg i den tyngste natt må føle», Halvor Kjerkreit akkompagnert av komponisten.
  • Trad.: «Å, gledesfylte stund» med Marianne Beate Kielland fra albumet Påsketid (2015).
  • Egil Hovland: «Fylt av glede over livets under» med Marit Carlsen og Simon Flem Devold fra albumet Svingende barnetro (1989).
  • Svein Møller: «Herre, du har reist meg opp» med Nordstrand kirkekor fra albumet Noen må våke – Tekster av Svein Ellingsen (1978).
  • Trond H.F. Kverno: «Vi rekker våre hender frem» med Nordstrand kirkekor fra albumet Noen må våke – Tekster av Svein Ellingsen (1978).
  • Ove Kristian Sundberg: «Vær vår styrke, vær vår trøst» med Bergen domkantori dirigert av Magnar Mangersnes fra albumet La livets kilde rinne (2007).
  • Ove Kristian Sundberg: «Vær sterk min sjel» med Marit & Irene fra albumet Hva var mitt liv uten Jesus? (2013).
  • Viola Renvall (overs. Svein Ellingsen), Sulo Salonen: «O Herre, i Dine hender» med Sondre Bratland fra albumet Kvilestein (1999).
  • Christina Rossetti (overs. Svein Ellingsen), Gustav Holst: «Midt i hårdest vinter» med Renate og Morten Gjerløw Larsen fra albumet Julesalmer (2017).
  • Ove Kristian Sundberg: «O Herre, la mitt øye» med Oslo domkor dirigert av Terje Kvam fra albumet Det hellige kors (2000).

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *