Tabbe

Share

Inspirert av det eg hadde på bloggen i går om å få prestegardshagen i Valle inn på kulturminneplanen, tenkte eg at eg skulle lage ei liste over kulturminner i Valle. Så eg gjekk i gang med å kopiere frå ei liste eg visste låg på Wikipedia.

Det var ikkje så enkelt, for Wikipedia har eit stort system med malar som er laga for å bruke der, så eg kunne ikkje kopiere direkte, for dei malane er jo ikkje på Setesdalswiki. Det førte til at eg vart sitjande til klokka 02 i natt før eg hadde fått til ein start.

Men i dag oppdaga eg at vi hadde hatt ein slik artikkel frå 2012. Den var ikkje så lang som den eg hadde laga, men den var finare og heilt klart eit godt utgangspunkt for å fylle på fleire kulturminner. Men eg følte at eg hadde gjort ein tabbe, stranda, gått på eit skjær, kall det kva du vil. Så eg tok meg ein middagslur og sov på det, som det heiter.

I grunnen trur eg at eg søv på det ei stund til. Eg må jo fikse, men kan vel ikkje seie at det er ein særleg lystbetont jobb.

På den lyse sida har eg likevel også noko å beretta for dykk i dag. Ettersom vi knapt har sosiale hendingar lenger, kjem eg til å leggje inn Staute setesdølar som hending i datoartiklane i april. Helge starta ei slik samleside i dag. Vi har ikkje på førehand bestemt kven dei staute setesdølane er, det går litt etter innfallsmetoden. I morgon blir det nok Ragnhild Bjåen, ho var i Fædrelandsvennes God Helg i dag, så då kan det vere fint å syne artikkelen vi har om henne her på Setesdalswiki også.

Vi har også fått ei rekke andre nye artiklar i dag: Her er lista:

Så får vi ikkje irritere oss over tabben alt for lenge.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *