Med artikkelen om Valle Vev runda vi artikkel nr. 91 900. Den kom bare vel to veker etter at vi runda forrige hundretal, så denne gongen gjekk det fortare enn på lenge, 16 dagar vart det. Eg skreiv den som ei lita bursdagsmarkering av innehavar Karin Bøe, som runda eit halvt hundre år i dag.
I april har vi også høge besøkstal, det er mange som er innom og les artiklar på Setesdalswiki. 100 artiklar på 16 dagar gjev eit snitt på vel seks om dagen, så målet vårt om å halde fem om dagen, klarte vi også. Men det er meir å skrive om, så det er bare å halde på. I desse koronatider er det kanskje fleire som blir med også, no når landet er stengt ned.
I dag kom det eit bilde på Facebook frå boka Sauemark i Valle. Den blei til ein artikkel med mange røde lenker. Kan hende kan vi få artiklar om desse også etter kvart. Men då treng eg nok noko hjelp.
Her er lista over nye artiklar i dag:
- 9. apr. 2020 kl. 23:21 Valle Vev (hist) [438 bytes]
- 9. apr. 2020 kl. 20:52 Markebok for Valle (hist) [945 bytes]
- 9. apr. 2020 kl. 12:53 Liv Anna Klungland (hist) [638 bytes]
- 9. apr. 2020 kl. 12:45 Kræklingøyi (hist) [775 bytes]
- 9. apr. 2020 kl. 12:37 Sigrid Mathilde Daasvatn (hist) [604 bytes]
- 9. apr. 2020 kl. 12:29 Setesdølen nr. 27, 2020 (hist) [3 658 bytes]
- 9. apr. 2020 kl. 09:52 Kvite symrer (hist) [760 bytes]
- 9. apr. 2020 kl. 00:27 Evjerampen (hist) [493 bytes]