Stev også

Share

I går heldt eg det ope kva vi skulle ha i datoartiklane framover når det ikkje er hendingar å skriv om. Det vart stev, og der er det nok å ta av. Men eg trur ikkje eg kjem til å legge dei ut på Setesdalswiki si facebookside, du får heller fylgje med på Framsida, der dei jo vil kome etter kvart.

Men i dag har det vore ein produktiv dag på Setesdalswiki. Det kom 10 nye artiklar i dag. Eg held på å skrive om dei som var talarar på Internatmøtene i Valle, og det er jo talarar som eg høyrde om frå eg var heilt ung. Mange var lærarar på Indremisjonsselskapet sin bibelskole i Oslo. Det er ikkje like lett å finne informasjon om dei på Internett, men i kveld fann Reidun Indremisjonsselskapets historie, så eg vil nok finne noko der.

Eg snakka med søster mi, Jorunn i Lyngdal før eg hadde funne bøkene. Medan mine var forviste til ei mørk krå på loftet, hadde dei bøkene i bokhylla i stova og ho skulle ein tur til Kristiansand i neste veke og ville ta dei med.

Då kom vi til å snakke om desse grand old men og plutseleg kom vi begge på at far brukte å herme noko som blei sagt om dyra på Tomb jordbruksskole, som Indremisjonsselskapet også var eigar av.

Kua seier Møøøøberg

Grisen seier Wisnøfff

Sauen seier Mææævik

Hanen seier Kykeli Hallesby

Vi lo godt saman ved minnet om den soga.

I arbeidet med artikkelen om Håkon E. Andersen, som var talar på Internatmøtet i 1955, kom vi til å minnast at han var i Tromsø i 1969 då Troms Indremisjon hadde kretsårsmøte der. Dermed vart eit gamalt bilete frå femti år sidan av Reidun og generalsekretæren leita fram og brukt i artikkelen om han. Den gongen var vi forlova, eg hadde vore ungdomssekretær i Troms indremisjon eit år og skulle begynne på lærarskulen om hausten. Biletet er teke utanfor Tromsø domkirke.

Reidun Eskeland og Håkon E Andersen i Tromsø 1969.jpg