Stev i datoartiklar

Share

Når det ikkje er andre hendingar som er annonserte, har eg frå mai lagt ut stev i datoartiklane på Setesdalswiki. Når noko er annonsert, prøver eg å få det med, men det er jo dagar då ikkje noko skjer i denne koronatida.

Dagens stev 2. mai 2020

No vil me dikte og tono» lage
og tenkje stundom på gamle dage.
Dei finge røyne båd» med og mot,
men eit stev, ein tone gav helsebot.

Dagens stev 3. mai 2020 

Eg la meg ned og eg ville drøyme,
dei fugleljodi eg kan «kje gløyme.
Eg la meg ned, ville drøym» ei gong,
totte gama høyre med fuglan» song.

Sigrid Olsdotter Tveiten
Dagens stev

Eg sit og skoar yv» fjell og dalar
det er som alt i naturi talar.
Eg høyrer susing i lund og li,
det vekkjer lengslor i bringa mi.

Eivind S. Berg
Det  kan nok skje at eg vil prøve å lage noko sjølv også om det høver slik.