Luft under vengene

Share

I kveld snakka eg med Steinar Straume Hjelmås i Valle Radio. Då han var ferdig med ungdomsskolen i Valle, reiste han til Hovden og gjekk på økonomi og handel på vidaregåande skule der. Etter to år gjekk turen til Bergen der han fekk lærlingeplass kombinert med å ta verneplikta. Etter to år i Bergen klarte han å få jobb i NATO i USA. Der var han hjelpar for NATO sine norske leiarar og var adjutant for generalar og høgare offiserar og fekk møte både Hillary Clinton og Barak Obama.

I løpet av åtte år i USA besøkte han 35 av statane. Han budde i Virginia, 3,5 timars kjøring fra Washington DC, men etter kvart gjekk kontrakten ut og han måtte returnere til Norge. Då hadde han sikra seg jobb i Forsvarsdepartementet i Oslo i 2013, og etter ei stund søkte han på jobb i Helsedirektoratet. Medan han var i USA hadde han skaffa seg meir utdanning også.

-Kva jobbar du no med, spurte eg.

-No jobbar vi med helseplan for samar, fekk eg til svar.

Det er eit stort arbeid og Steinar har vore i Finnmark fleire gonger medan han har jobba med dette. Med nær kontakt med helsedirektør Bjørn Guldvåg og assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad, folka vi i denne koronatida har blitt kjende med over heile landet gjennom dei daglege sendingane på TV.

Vi kom også inn på at det har budd samar i Setesdal og at dei dreiv reindrift i Setesdalsheiane. Men tida gjekk fort og plutseleg var klokka 20.30 og Ørnulf sat i studio for å snakke med Siri Lande om Setesdal Vekst og arbeidet dei gjer for å hjelpe lokalt næringsliv.

Men ettertanken etter samtalen med Steinar Straume Hjelmås var at den som satsar, kan få luft under vengene og mange opplevingar på livsreisa.