Kven var det?

Share

Dei siste dagane har eg leita etter informasjon om folk som var omtalt i Setesdølen for 40 år sidan. Avisene for 1980 er heilt ulike dei som kjem i posten to gonger i veka no for tida. Det mest slåanede er jo bruken av fargar. Den tida var det bare svart/kvitt.

Ein annan ting eg legg merke til er at det var mange fleire dikt i avisa, gjerne i stevs form. Av og til er det aktuelle kommentarar i verseform, andre gonger er det meir lyriske skildringar. Når det står dikt i avisa, tek eg gjerne bryet med å skrive dei av, dermed kan du som les Setesdalswiki, få oppleve noko av fortida gjennom dei.

Ein som skreiv andaktanr i Setesdølen i denne tida, signerte dei med A.H. Eg lurte på kven det kunne vere, og i dag tok eg ein telefon til Sigurd Haugsgjerd for å få vite svaret. Det kom på ståande fot, det var Alfred Håvorstad, lærar på Evje i si tid. Før han skreiv også Aasulv Austad andaktar, kunne Sigurd fortelje.

Det vart ein hyggeleg prat om gjensidig nytte og glede av det vi held på med. Han måtte ofte innom Setesdalswiki for å finne opplysningar, eg studerer avisa ganske grundig kvar veke i samband med at eg skriv inn stoff basert på det eg finn i avisa.

Han kunne også fortelje at planen er at Sigrid Åsen Haugsgjerd skal begynne i full stilling i avisa frå juli, no har ho 40% stilling og er lærar dei andre dagane. Sigurd har vore drivkrafta i avisa samanhengande nesten heilt frå starten, og sjølv om han no for tida har mykje heimekontor, må han jo innom kontoret på Bygland av og til framleis.

Godt er det, for det er nok ikkje mange som så raskt kan svare når nokon lurer på kven det var som skreiv i gamle dagar. I dag er jo det meste signert, så også der har avisa forandra seg.