Entusiasme

Share

Eg trur Visit Setesdal har fått rett mann i jobben etter å ha høyrt Roy Bakke i Valle Radio i kveld. Han sprudla over av entusiasme for produktet han skal få folk til å bruke.

No er det etablert eit nettverk av reiselivsbedrifter i Setesdal. Det består av dei sju hotella Fjellstoga, Hovdehytta, Hovden Resort, Bykle Hotell, Sølvgarden, Revsnes og Dølen. Her kan ein få overnatting på dobbeltrom med frokost og niste for under tusenlappen. Med tilrettelegging for å låne elsyklar og liknande håpar ein at årets gjester vil stoppe for å oppleve natur, folkeliv og tradisjon.

Det er mellom anna etablert 40 ruter som ein kan bruke for turar, UNESCO-statusen må ein løfte fram, så han  håpa verkeleg at det kunne bli Kulturpatrulje også i år. Alle konferansar i Setesdal burde starte med ein slått og eit stev. Og det burde vere råd å få sjå sylvsmedkunst og ete tradisjonsmat.

Han gledde seg over at campingplassane hadde sterk auke i bestillingane i år, det var tale om dobling. Om nokon kom til fulle hus, måtte dei få hjelp til å finne alternativ overnatting.

Praten gjekk helst fortare enn eg nådde å notere, så eg trur eg nøyer meg med dette og prøver å oppsummere det eg fekk med meg i eit stev:

Entusiastisk, det er Roy Bakke,
og fint, det kan han om dalen snakke.
Natur, oppleving og tradisjon
kan gje turistar inspirasjon.

Med slått og stev kan ein konferanse
bli heilt unik, så ein mest må danse.
Unik oppleving og mat lokal
det gjev oss gjester i Setesdal.