Referatsaker

Share

I kveldens kommunestyremøte i Valle var det sju referatsaker. Ingen ville ha dei refererte i møtet, så då fekk ikkje lyttarane så mykje om kva dei handla om. Difor tenkte eg at eg kunne skrive om dei i kveld, sakene som vart handsama elles vart vedtekne samrøystes.

Først var det leigeavtalen mellom Kent Even Andersen og kommunen. Den var på ti sider, men truleg hadde folk fått med seg det meste. I papira låg det teikningar som syner korleis ombygginga blir, og det blir spennande å sjå 11. juni når butikken opnar.

Deretter var det ei sak om å etablere natursti ved Håheller. Ikkje bare skal det bli ein sti, det skal også setjast opp stolpar med informasjonstavler på to språk langs heile stien. Desse stolpane er eit særsyn, for dei er laga av to stokkar som er limte saman og så er det ei slisse mellom stokkane der det skal vere ei informasjonstavle som kan vippast ut av stokken når ein vil lese. I papira var det kart og forklaring på korleis det skulle bli.

Prestefossen kulturlandskap har fått tilskot, eg lurer på om det ikkje var over 300.000.

Så fekk vi vite at Namsfogden i Agder har lagt Setesdal til Midtre Agder og at det blir desse kontorstadene i vår region: Midtre Agder:
Vennesla og Iveland lensmannskontor, Torsbyvegen 16, Vennelsa
Lillesand og Birkenes lensmannskontor, Vestregate 15 B, Lille
Evje og Hornnes lensmannskontor, Verksvegen 4, Evje
Valle lensmannskontor, Kjellebergsvegen 12, Valle

Til slutt tek eg med at det var planar om ei vandreutstilling i samband med at det er 75 år sidan krigen slutta. På grunn av korona måtte dei planane leggjast bort. I staden vart det laga ei digital utstilling. Vandreutstillinga hadde nok ført til økonomiske utlegg for kommunane, den digitale utstillinga vart gratis.

Og her kjem stevet om referatsakene:

Ein mangt kan finne i referata
men ingen spurde og ingen prata.
Eit klubbeslag, det var alt vi fekk
før neste sak til handsaming gjekk.