Det glade fastland

Share

Med artikkelen om Det glade fastland, ei bok av John Olav Larssen, runda Setesdalwiki i kveld eit nytt hundretal. Nå er det 91200 artiklar i nettleksikonet. I mai har vi klart å skrive 200 artiklar, om det kjem nokre nye i morgon, blir det over 200 endåtil. Eg trur neppe vi har klart å ha så stor produksjon på lang tid, før rekna eg om lag tre veker på 100 artiklar.

Men det er nok å skrive om. Folk og gardar er ein ting, men artikkelen som gjorde at vi runda eit nytt hundretal i kveld, var om ei bok. I den seinare tida har eg begynt å skrive om bøker av folk som er omtalt i leksikonet. Det er ikkje mi personlege vurdering som kjem til uttrykk i artiklane, men ein objektiv tekst om boka. Om det er innhaldsliste, tek eg den med, slik eg gjorde i artikkelen om Det glade fastland. Om den gjev grunnlag for artikkel, kan eg kanskje skrive med utgangspunkt i den røde lenka som då kjem fram, til dømes ventar truleg ein artikkel om Justøy bibelcamp etter at eg laga artikkelen om denne boka, for i den er det eit avsnitt om denne.

Av og til kan eg nok også skrive artiklar med informasjon frå ei bok der den gjev biografisk meirinformasjon, til dømes. Når Leonard Gudmundsen skriv om sitt liv som predikant i boka Glem ikke alle hans velgjerninger, kan det kome opplysningar som passar å ta med i biografien hans også. Men eg tenkjer at om den som finn noko interessant i innhaldslista, vil lese meir, bør ein heller låne boka via fjernlån på biblioteket, om då ikkje biblioteket skulle slumpe til å ha den i hylla si.

Det glade fastland.png

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *