Evjetun opnar att

Share

I kveldens sending i Valle Radio kunne regionleiar Livar Veggeland i Misjonssambandet fortelje at Evjetun opnar att. Leirstaden vart jo stengt ned saman med resten av Norge i mars, og det er ei tid då mange nyttar Evjetun til leirskule. Ikkje tvil om at det var glede då meldinga kom om at dei kunne opne, for faste kostnader stoppar jo ikkje. Straum, vatn, vedlikehald må jo betalast også når det ikkje er inntekter.

No kan campingen opnast til Kristi Himmelfartsdag og til pinse. Til sommaren blir det også bibelcamping to veker frå 5. juli. Og på Undeland er det drive in-basar komande laurdag.

Sigbjørn Åge Fossdal var også glad, for no er det blitt normal drift på kommunehuset i Bygland. Framleis er det restriksjonar på Byglandsheimen og Bjoren når den kjem i gang i redusert seilingsplan. grupper, det er påmelding til gravferder, gamaveka til sommaren er sterkt redusert og matfestivalen på Ose er avlyst. Men like fullt var han optimistisk.

Kommunestyret har handsama samfunnsdelen i kommuneplanen, no kjem arealdelen opp etter kvart. Sist rullering var i 2011, og mange ting har endra seg på desse åra.  Kulturminneplanen er godkjent, det var jo litt styr der. Og så er det viktig å få ny bru på Ose. Om det skulle brenne i Åraksbø må brannbil frå Valle som skal kome og hjelpe, kjøre om Storstraumen. Om det er trafikkuhell på Riksveg 9 mellom Storstraumen og Reiårsfossen, må trafikken gå på austsida, og då er også brua eit problem.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *