Frigjering, krig og fred

Share

Då eg sat og høyrde på Jørn Buø i samtalen med Siri Johannessen i Valle Radio i kveld, tenkte eg at her var det mykje interessant stoff, Besteforeldra hans var kaptein Olav O. Nomeland sr. og Inger K. Nomeland, fødd Rysstad (1896), så han var godt kjent i Hylestad sjølv om han vaks opp i Bærum og fekk ei militær karriere innan etterretning og med mange års teneste i andre land.

Temaet var frigjering, og det var godfar hans som overtok Evjemoen etter den tyske okkupasjonen. Han hadde kommandoen der til oktober, for det var mange tyskarar som skulle sendast tilbake til Tyskland og Evjemoen var sentral samlingsplass for dette. Men det var viktig at dette vart gjort på ein verdig og fin måte, ikkje med tankar om hemn.

Samtalen kom og inn på motstanden mot okkupasjonen i Setesdal og dei mange som hamna både på Arkivet, på Grini eller i konsentrasjonsleir i Tyskland. Namna vart nemnde på dei som døydde under desse tiløva og at deira eksempel ikkje må bli gløymt. Morbror var Olav O Nomeland f 1919 gift med Birgit T Harstad f 1923. Han var i Milorg satt på Arkivet, Grini, Natzweiler og Dachau.

I samtalen kom dei også inn på at denne koronatida er vanskeleg, for sjølv om ein kan møtast digitalt, er det ikkje det same som fysiske møter. På mange måtar er også denne tida ei krisetid. Vi må lære av historia og ikkje gløyme at det livet vi lever i dag byggjer på innsatsen frå dei som gjekk før oss.

Ein levande samtale er ikkje alltid så lett å referere, han fylgjer ikkje den stramme disposisjonen som ein gjerne likar å ha når ein skal lage eit referat. Men den levande samtalen har ein eigen nerve og kan vere god radio og interessant å høyre på, og det var kveldens samtale i høg grad, aktuell, perspektivrik og levande.

(retta etter å ha fått kommentar frå Jørn Buø 7. mai 2020)

Ein tanke om “Frigjering, krig og fred”

  1. Takk for gild tilbakemelding. Ein liten korreksjon:
    Gofa var kaptein Olav O Nomeland sr, fødd 1888 gift med Inger K Rysstad fødd 1896.
    Morbror var Olav O Nomeland f 1919 gift med Birgit T Harstad f 1923.
    Gofa var sjef på Ecjemoen fra mai til oktober 45. Morbror var i Milorg satt på Arkivet, Grini, Natzweiler og Dachau

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *