Glem ikke

Share

Glem ikke alle hans velgjerninger er ei bok av Leonard Gudmundsen. Den kom ut i 1985 og kom sidan i fleire opplag. I 1990 kom ei ny bok, Gud har omsorg. Medan den siste boka er små andaktar, er den første minner frå 40 år som emissær, mest frå tida hans i Troms.

Den boka minna meg på det året eg var ungdomssekretær i Troms Indremisjon, akkurat som han var. Eg var på mange av dei stadene han skriv om i boka og møtte nokre av dei folka han fortel om.

Sjølv budde eg på Finnsnes og var ofte på Heimly folkehøgskole. Men i mi tid var det ikkje Rikvald Skaaheim, men Sverre Mortensen som var rektor. Gudmundsen fortel om rektor Skaaheim som tok med seg ei stilbunke og sette seg til å rette dei på romet til to gutar som ikkje kom heim til fastlagd tid. Sjølv var eg rektor på Hadsel folkehøgskole og opplevde også at elevar ikkje kom heim til rett tid, men den ideen kom eg aldri på.

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *