Gratulerer med dagen

Share

Når du les denne bloggposten er det blitt 17. mai 2020. Det blir ein annleis dag for alle dei som brukar kle seg i bunad og ta turen ut for å sjå på barnetog eller gå i folketog. Sjølv har eg i mange år mest sett sendingane på NRK, våre barnebarn bur langt borte, så å sjå dei gå i tog har ikkje vore aktuelt.

Like fullt seier eg Gratulerer med dagen. Å ha ein dag der vi kan feire fridom og fred er ein god ting, den gjev oss høve til å stanse opp og minnast at det har vore folk som har ytt mykje for at vi kan feire dagen.

Eg meiner å hugse at vi lærte heile fedrelandssangen på skulen, men då eg høyrde Studentersangforeningen syngje alle åtte versa i dag i Ring inn musikken, var det nokre vers som var borte. Vi syng jo bare tre vers no for tida, om vi tok med alle, fekk vi omtrent heile norgeshistoria.

Vi har også fedrelandssalma. Den var det Elias Blix som skreiv, det høver å ta den med her:

Gud signe vårt dyre fedreland,
 og lat det som hagen bløma.
 Lat lysa din fred frå fjell til strand
 og vetter for vårsol røma.
 Lat folket som brødre saman bu,
 som kristne det kan seg søma.
 
 Vårt heimland i mørker lenge låg,
 og vannkunna ljoset gøymde.
 Men, Gud, du i nåde til oss såg,
 din kjærleik oss ikkje gløymde,
 du sende ditt ord til Noregs fjell,
 og ljos over landet strøymde.
 
 Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
 me fåfengt på huset byggja.
 Vil Gud ikkje verja by og land,
 kan vaktmann oss ikkje tryggja.
 Så vakta oss,Gud, så me kan bu
 i heimen med fred og hyggja!
 
 No er det i Noreg atter dag
 med vårsol og song i skogen.
 Om sædet enn gror på ymist lag,
 det brydder då etter plogen.
 Så signe då Gud det gode såd
 til groren ein gong er mogen.

De norske flaggreglene - Telenor

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *