Hagearbeid

Share

-Å arbeide i hagen gjev fred i sjela og vondt i ryggen.

Det var Aase Holen som sa dette i kveldens sending i Valle radio. Ho og Lisbeh Dalquist Homme hadde ein samtale med Siri Johannessen i samband med at Valle jordbruksklubb nyleg feira 90-årsjubileum på Oveinang grendehus. Det var eit stykke i Setesdølen om saka for ei veke sidan.

Dei to godt vaksne damene snakka ikkje bare om prydhage, som det heiter i sangen: Men ville du ikkje i prydhagen stå, der folk kunne skoda på deg. Nei, rett nok var dei samde om at Aase sin hage har vore ein prydhage. Men no har ho lagt meir og meir over til plen og har ein robotklyppar som steller den. Men ein blomehage er viktig for biene, og Aase hadde ein nabo som dreiv med bier, så blomar måtte ho ha i hagen, det vart gjerne litt honning på henne også.

Men dei snakka om gulrøtter, løk, både purreløk og kepaløk. Jordskokk kunne ein lage suppe av saman med brennesle og andre vekster tidleg om våren. Det var Lisbeth som var inne på det.

I Valle jordbruksklubb har dei for lenge sidan slutta med kunstgjødsel, det er hevd frå ku, hest og høns som gjeld. Hagen på Hovet hadde vldig mykje leirjord, så det har vore ein lang jobb å få god matsjord der. I Homme var nok det lettare.

Klubben pyntar til hausttakkefesten i kyrkja. Og så har dei Jon Ødeskaug som dommar. Han har vore det i 46 år og dei ville gjerne ha han med vidare. Og så ville dei ha med nye medlemmer, også dei som ikkje ville ha nokon dommar i hagen sin. Å vere med i Valle jordbruksklubb er ikkje så sterk binding, meinte dei. Klubben har bare eitt møte i året, det er møtet der dei får resultata og premiane. Men så kom dei på at dei også har ei hagevandring til medlemmene sine hagar, kanskje for å få idear, kanskje for å bare glede seg over å vere saman om hagegleda si.

Eg er for lite hagekyndig til at eg fekk med meg namna på alle plantene som dei snakka om, men hagegleda, den kunne ein godt merke i programmet.

Kva som elles var å høyre i kveldens program i Valle Radio kan du sjå eit oversyn over på Setesdaslwiki si side om programmet. 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *