Reaksjonar

Share

Å få reaksjonar på det ein skriv, er alltid hyggeleg. Ann-Toril Briksdal sin kommentar til stevet eg laga om Roy Bakke på bloggen tysdagskvelden, var fint å lese. Men å kve det sat lenger inne sjølv om eg har gått på kvedarkurs hos Kristen Bråten Berg og greitt kunne kve det for Reidun heime i stova. Å legge det ut på nettet er ikkje like enkelt.

For 40 år sidan lanserte eg ideen om å lage eit hurtigrutemuseum på Stokmarknes. Eg sat i kulturstyret i Hadsel kommune den gongen og meinte at eit slikt museum kunne ta vare på tradisjon og historie om både båtane og kysttrafikken, det nærma seg hundreårsjubileum for starten på Hurtigruten. Ideen vart lagt på is, men vart teken opp nokre år seinare og realisert i den gamle direktørbustaden, då med andre som ide-eigarar.

I dag leita Margunn i gamle aviser etter namnet mitt. Då dukka det plutseleg opp ei rekke avisoppslag som synte reaksjonar på ideen eg hadde den gongen. Mange likte ideen, men pengar var det smått med, så sjølv om det synte seg i avisoppslaga at ideen hadde vore lansert for mange, vart det ingen reaksjon.

Så er det desto meir gledeleg at turistar som i dag kjem til Stokmarknes med hurtigruta kan gå innom eit flott museum der ein endåtil at stilt ut ein båt på land, innebygd i eit glasshus.

Idear kan altså materialisere seg. Det må ein vel kalle reaksjonar.

Slik tenkte teiknaren Dan at reaksjonane var på kaia i Svolvær hausten 1980 då han publiserte teikninga i Lofotposten på side 5, 11. november 1980

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *