Sterk vekst

Share

Setesdalswiki veks sterkt i desse dagane. Medan eg tidlegare hadde eit mål om å få fem nye artiklar kvar dag, var veksten siste periode 6,25 og til no framover mot 92200 har veksten vore opp mot ti artiklar dagleg.

Ein av grunnane til det er at vi har skrive inn aviser frå 1980-talet, og dei gav mange raude lenker som vi så kunne finne informasjon om om og dermed gjere blå.

Til no har eg tenkt at eg må ha både fødselsdato og dødsdato for folk før eg kan legge inn folk som truleg er døde. Men eg har no vald å heller skrive om folk ut frå artiklar eg finn og om eg ikkje finn desse dataene, vil eg ikkje legge inn personmal i artiklane. Det er den som reknar ut kor gamle folk er.

Dermed kan du nok framover også finne artiklar utan slike malar, dei får heller kome når eg finn nok opplysningar.

For ei tid sidan søkte eg etter bilder frå Internatmøtene i Valle. Eg fekk eit par bilder som etter kvart kjem inn i artikkelen. Den er kraftig utvida i dag, for eg la inn det som Sverre Lund skreiv om desse møtene. Slik veks leksikonet litt etter litt, nokre gonger med sterk vekst i talet på artiklar, andre gonger med sterk vekst i lengde.

Så får det våge seg at det av og til blir det som kan kallast små stubbar også.

Dette er truleg frå 1959, då talte Fredrik Wislff, han står sentralt ti hlgre med frakk, hatt og tversoversløyfe

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *