Suleskarvegen

Share

I år er det uvanleg mykje snø på Suleskarvegen. Det har vore mål kvart år om å kunne opne til 20. mai, men i år håpa Pål Arnfinn Haugen at dei kunne bli ferdige til pinse. Han har vore med på dette sidan vegen opna i 1991, og det har bare vore tre år med like vanskelege tilhøve som i år. Dei har endåtil måtta brøyte fleire strekningar fleire gonger, for etter at ein har brøyta opp, har det tetta seg til att med snø i traseen.

Alt dette fekk vi høyre i den aktuelle timen i Valle Radio i kveld. Eg fekk ikkje med meg alt, mellom anna fekk eg ikkje høyre To i tråd, om eg høyrde rett. Men det meste av samtalen med Marcel Tiedje fekk eg med meg. Eg hugsa knapt at han var teknikar i Valle Radio for ein del år sidan, no er han etablert fotograf og musikkprodusent (DJ) på ulike arrangement. Og så fotograferer han mat og klede så vel som folk i jobben sin.

Torleif Homme var også i studio og han fortalde at Valle kommune har mange prosjekt på gang innan teknisk drift. Arbeidet med underetasjen i kommunehuset, som skal gjerast om til næringsbygg og gje plass til Joker Valle, hoppa han likevel glatt over, han hadde ikkje noko med det å gjere. Kloakk frå Sylvartun til Otra Kraft og andre slike kommunale utbyggingar, det fortalde han villig om sjølv om han vart hefta av alarmtelefonen som peip nokre gonger; han hadde vakt i brannvesenet i kveld.

Kvelden enda med at Sondre Rua Dokken presenterte musikk relatert til 2. verdskrigen og krig meir generelt. Denne kvelden hadde noko for dei fleste, og alle ventar nok på at vegen vestover skal bli opna. Med brøytekantar på opp mot 8 meter er det litt av ein jobb dei gjer, og når han til slutt opnar, oppfordra Pål Arnfinn Haugen folk til å kjøre forsiktig, for i år er det dårleg sikt mellom dei høge veggane.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *