Hyttenabo

Share

Vi har ein hyttenabo som endåtil er i familie. Hans Kyllingstad er gift med Elin og ho arva ein naboeigedom. I dag var dei innom ein tur og vi fekk ein god samtale som sette i gang mange tankar.

I går hadde dei vore i gravferda til Ånund Daasvand på Figgjo. Han var ei støtte i Ålgård baptistmenighet og vart heile 99 år gammal. Eg budde eit år på Figgjo og då gjekk eg på skule med sonen Tor i 7. klasse.

Vi snakka om mykje anna også, og då gjestene var gått, slo eg opp i Setesdalswiki, for eg meiner at Ånund var son til Johannes Daasvand, den kjende predikanten frå Hornnes. Han budde i Rogaland ein periode. Sidan vart han sekretær for Misjonssambandet sitt arbeid i Trondheim. I 1931 busette han seg på Mønnesland ved Mandal, det er like i nærleiken av der eg no bur. Som predikant i heimekrinsen fekk han stå i vekkingar, mellom anna i heimbygda Hornnes i 1934-35. I 1943 fekk han ansvar for bibelkursa som vart arrangerte på Drottningborg. I 1947 kjøpte han og kona seg hus på Strai, og her døydde han i 1955.

Sonen Arnold Daasvand vart ikkje prest, men tok teologisk utdanning og var lektor i Stavanger. Det er interessant å sjå historiske linjer, dei kan gje grunnlag for mange gode samtalar.

Johannes Daasvand.jpg