Regn

Share

Etter mange veker nesten utan regn, vart ei skikkeleg rotbløyte i dag. Det trur eg jorda likte, i alle fall alt som veks, likte det, for det grøne vart ekstra grønt og glinsande.

For meg har det ikkje så stor betydning, eg går helst mine daglege rundar inne, men min hyttenabo Hans reiste til bussen på Ime klokka 06.30 i dag på sykkel, med paraply. Han vil helst ikkje vekke Elin når han dreg, men ho henta han då han kom heim, då var det mykje regn.

I morgon har Reidun og Jean tenkt seg på tur til Farsund, så eg håpar at dei får høveleg ver, sjølv om det er meldt regn, endåtil mykje regn i natt og i morgon. Men det skulle vere meir vatn austover, så vonleg får dei høveleg ver på turen.

I grunnen bur vi på ein høveleg plass, det er ikkje nokon risiko for jordskred, slik vi har sett på TV det skjedde i Alta. Ei heil bygd raste i fjorden, truleg på grunn av mykje regn. Til all lukke var det ikkje folk i husa då det skjedde, dei var visst mest brukte til fritidshus, eller så var dei som budde der på skule eller jobb.  Det såg nokså vilt ut med alle materialane i flytande i fjorden, ein nabo hadde til og med filma det som skjedde.

Men vi treng ei god blanding av solskin og regn om det skal vekse og gro.