Disputas

Share

I desse koronatider må også doktorgradsdisputasar bli digitale. I går fekk eg ei melding frå dotter mi Rønnaug om at det skulle vere ein disputas på Universitetet i Oslo om eit emne som kanskje ville interessere meg. Den begynte i dag klokka 10.15, og den vart halden i Teams, så eg lasta ned programmet, installerte det og logga meg på då sendinga starta.

Doktoranden Alf Gunnar Eritsland forsvarte avhandlinga si Med skolen som misjonsmark. Den norske vekkingsrørslas satsing på lærarutdanning 1890 – 1946. Det vart fire interessante timar.

Etter eit innleiingsforedrag innleia første opponenten professor Helje Kringlebotn Sødal, Institutt for religion, filosofi og historie, Universitetet i Agder til ein interessant samtale om kristne lærarskular.

Så var det pause, då kunne publikum stille spørsmål som leiaren ville formidle vidare til doktoranden. Det kom ingen spørsmål, så då dei opna att etter ein pause til klokka 13, var det andre opponenten, professor Vegard Kvam,  Institutt for pedagogikk, Universitetet i Bergen   som fekk ordet. Han gjekk gjennom meir formelle ting i oppgåva, som var på over 300 sider og over 1000 noter.

I pausen ringte eg til Rønnaug og takka for at ho gjorde meg merksam på dette og fortalde kor interessant det var. Ei stund etter at dei hadde starta att, fekk eg melding frå henne om at ho også fylgde med på gjennomganen til Vegard Kvam og då vi snakka saman etterpå, fortalde ho at ho fekk mange tips til sitt eige doktorgradsarbeid, sjølv om det er artikkelbasert, slik dei fleste gjer det som fylgjer eit doktorgradsprogram no. Det betyr at dei må publisere artiklar i vitskaplege tidsskrift, og når dei har publisert fleire slike, så blir dei sette saman og kan prøvast for doktorgraden.

Her er sida til det som skjedde. Der ligg det også lenke slik at ein kan høyre to prøveforelesningar som Alf Gunnar Eritsland heldt før sjølve disputasen.