Variert radiokveld

Share

Kveldens sending i Valle radio var variert. Først hadde Erik Kjebekk andakt, den var på ein halvtime. God klassisk forkynning over Kol. 1,1-3. Eit av dei tema han var innom var at vi måtte ta eksemplet til Paulus og takke Gud for folk, det er vi kanskje ikkje så flinke til.

Misjonsradioen i Arendal har ein ivrig medarbeidar i Olav Lindstølen. Han lagar musikkprogram og vi fekk høyre eit slikt etter andakten. Halv åtte var det ein samtale med Hallvard Hasseløy frå OpenHeart. Han samlar inn klede og pengar for å sende til Ukraina, der organisasjonen har eit stort arbeid for dei fattigaste. I desse koronatidene har det vore ekstra vanskeleg. Han berømma Sigrid Bjørgum og Astrid Nomeland for det store arbeidet dei har gjort for å få hjelp frå Setesdal til prosjektet. Framleis treng OpenHeart pengegåver frå folk for å kunne drive hejlpearbeidet sitt, og kan hende er det ekstra viktig no når han ikkje har kunna halde innsamlingsmøter.

Andre innslaget i den aktuelle timen var Åpne Dører som handla om arbeidet deira i Sentral-Asia. Så kom Niklos K. Besteland med eit noko uvanleg program. I kveld fekk vi høyre orkestermusikk, først Våren av Vivaldi og til slutt sommarpastorale av Arhur Honegger. To svært ulike stykke, men fine å høyre på, kvar på sitt vis.

Orgelmusikken var først eit lite stykke av Beethoven Allegro i C-dur. Bernhard Bartelink spela på orgelet i St. Laurenskerk Rotterdam. 2:00. Vista LP VRS 1908, så kom
Johann Christian Heinrich Rinck (1770-1846): «Freu dich sehr, o meine Seele». Koral og variasjonar. Ewald Kooiman spela på orgelet i St. Catharinakerk Utrecht . 4:13. Motette Ursina CD 13701 CD 2

Til slutt var det noko om det som skjer framover, henta frå Setesdalswiki. Då oppdaga Siri at det der var opplyst at det skulle vere fjellkyrkjestevne på Hallbjørnsekken, men då ho sjekka på heimesida, var det avlyst på grunn av korona. Så då måtte eg rette det.

I kveld vart eg for sein til å lagre, for eg vart sitjande å sjå på programmet om Martin Luhher King før Kveldsnytt og deretter var det eit program om ferja til Skjæløy ytterst i Larvik kommune. Det er kjentfolk, Margunn og Stein er venner med folka der. Så dermed gløymde eg å lagre før midnatt, så i juni blir det nok eit hol i kalenderen. Det får våge seg, det går mot sommar og det er vel ikkje sikkert at eg kjem til å skrive kvar dag i denne tida.