Klassemøte

Share

Sist laurdag hadde den klassen som gjekk ut av Valle skule i 2000 samling etter 20 år. Det kallast visst Reunion med eit moderne norsk ord. Sanneleg hugsa dei også på ein gammal lærar, og Turid Homme sendte meg eit bilde av dei som møttest og av sangen eg hadde laga til avslutninga.

Moro å sjå att slikt eg har skrive, truleg har eg det i ein perm ein stad, for eg har prøvd å ta vare på sangar eg har laga. Her var klassen stor, så det vart mange vers på melodien Blant alle lande.

Eg tenkjer dei hadde litt å snakke om då dei møttest att. Det var nok moro å få vite kva folk hadde gjort i dei 20 åra. Mange hadde nok stifta familie og fått barn, og så tenkjer eg nok samtalen gjekk langt ut i dei små timane.

Her i huset hadde vi også ein reunion i dag, for Margunn og Stein kom på besøk. Samtalen gjekk godt ut over kvelden, men eg rakk å skrive blogg før midnatt denne gongen.