Irriterande praksis

Share

Det er ikkje ofte eg skriv om ting som irriterar meg. Grunnen kan jo vere at det ikkje er så mange ting som irriterer meg. Eg har kanskje litt lett for å seie at det er ikkje så viktig at ein treng engasjere seg eller noko liknande.

Men i lang tid har eg, nesten kvar kveld, irritert meg over at NRK Sørlandet sender same innslaget i distriktsnyhetene like etter Dagsrevyen som innslaget som var på Dagsrevyen like før.

Etter mi meining burde det vere unødvendig å repetere same innslaget to gonger på mindre enn ein halv time. Eg kunne hatt forståing for at saka kom om att dersom distriktsnyhetene kunne tilføre meir informasjon i høve til innslaget som gjekk ut til heile landet. Det ville vore naturleg, folk i Troms og Finnmark treng sjeldan like mykje informasjon om tilhøva i Agder som lokale folk i Agder kan ha glede av. Men det skjer nesten aldri at innslaget i Sørlandssendinga er fyldigare enn det som går ut til heile landet.

Nå veit eg jo at nyhetssendingane på radio repeterer sakene til det mest kjedsommelege. Vi høyrer dei tre minutta, fordi det kan jo vere at det har skjedd noko nytt siste timen. Det har det jo også alltid gjort, men det er jo aldri aktuelt å fortelje om det, for det som var på lufta for ein time sidan, har kanskje ikkje alle fått med seg, tenkjer kanskje sjefsredaktøren og nyhetsredaktøren og distriktsredaktøren og kulturredaktøren og krimkommentatoren og utanriksredaktøren. Og når alle redaktørane tenkjer likt, sparer NRK pengar og arbeid på å gje folket fleire nyheter.

Dei burde heller gjort som Valle Radio, hadde du ikkje på radioen eller tv når nyhetene gjekk, fekk du dei ikkje. NRK har så mange tilsette at dei jo også lett kunne ha podcast for dei som absolutt ville få med seg det som vart sagt for ein time sidan om det glapp fordi ein var i gravferd eller audiens på Slottet og ikkje fekk med seg siste nytt frå Marienlyst.

Eller var saman med gode vener i godt lag og hadde is, vaflar og sjokoladekake. Grethe Sola Jonassen tok bildet av meg, min svoger Ole Thorvald Moen, Jorunn Moen, Reidun og Helge Haugland.

Ingen beskrivelse er tilgjengelig.