Bok-kiosk

Share

Den 1. juni skreiv eg om at Foreningen Les! hadde inngått eit samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB om å gje 100 gamle telefonkioskar nytt liv ved å gjere dei til bok-kioskar. I dag dlukka det opp ei melding på Facebook om at kiosken ved det gamle kommunehuset i Valle hadde blitt ein slik kiosk.

Om det var mitt innlegg som førte til tanken på å bruke kiosken slik, veit eg ikkje. I meldinga heitte det at dette ikkje var eit samarbeid med Foreningen Les!, men eit lokalt initiativ. Folk kan ta med seg ei bok eller legge inn ei bok. Ettersom det er lokalt, trur eg ikkje at det er bøker dei har fått frå Foreningen Les!, i deira prosjekt stilte organisasjonen opp med 100 nye bøker til kioskane sine.

Uansett er det flott at biblioteket gjer publikum eit høve til å ta med seg ei bok på sommarturen. Mange tilbod på kultursektoren er viktige for å få reisande folk til å stoppe litt, og er du ein lesande turist, vil du sikkert like å stikke innom ei slik bokbu.

Sjølv er eg medlem av Bokklubben og svarer nei til nesten alle tilbod som kjem i magasinet deira. Men av og til gløymer eg det, og det gjorde eg i juni, så i dag dukka boka Den elskelige giftblandersken av Arto Paasilinna opp i postkassen. Då eg budde i Valle, las eg Harens år av same forfattaren, så eg tok det ikkje så tungt at eg hadde gøymt å avbestille, for det var ei sjarmerande bok. Også boka eg fekk i dag var fornøyeleg, om enn noko morbid å lese. Hadde eg budd i Valle, ser eg ikkje bort frå at eg kanskje hadde lagt ho att i bok-kiosken slik at andre kunne få ei annleis leseoppleving. Foto: Valle bibliotek – Sæbyggjen

Bildet kan inneholde: utendørs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *