I dag var det laurdagsavis og då har Vårt Land svært mange spørsmål, eg trur det er 70, 10 i seks ulike kategoriar og så dei vanlege 10 som står ved sida av kryssordet på tredje siste sida.
Mine spørsmål kan ein finne svar på ved å leite på Setesdalswiki om ein ikkje alt veit svaret.
- Kor høgt er Tindefjell i Åseral?
- Kor skal Kjell Steinbru ha gudsteneste 21. juni 2020?
- Kva heitte far til Hans Olav Lauvstad?
- Kor gjekk Knut K. Homme på lærarskule?
- Kor gjekk Bergit K. Rike på lærarskule?
- I 1980 snakka dei om Brokkelina. Kva var det?
- Kven stiller ut bilder på Setesdalsmuseet i sommar?
- Kor ligg Ånebjør?
- Kven hadde sangtime i Valle Radio tysdagskvelden?
- Kva heiter organisasjonen til Hallvard Hasseløy?